God jul
Skriven av Marianne den 358. dagen i året(25.12.11).
Julafta var visst i går. Tida går litt fort. Me hadde det fint, men no treng me eit stort hus for å få plass til alt. Hadde me ikkje skrive det på ønskelista?..
Ha ei forsatt god jul!
Legg til eller les kommentarar (3)Jul, jul, strålande jul
Skriven av Marianne den 345. dagen i året(12.12.11).
Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø sin julecd syngar i stova. Det lukter klementin, og eg har eit strikketøy i nevane. Det gjev julestemning hjå meg.
Snart skal eg ut i det mørke, sure haustvèret.
Legg til eller les kommentarar (3)Bergen
Skriven av Marianne den 345. dagen i året(12.12.11).
I helga var eg på tur til Bergen på besøk hjå både Ingrid og Åslaug. Eg hadde det kjempekoseleg. Meg og Miriam reiste til tross for uvér og ruteendring.
Eg hadde med meg kamera, men dei blei kun nytta som last.
Legg til eller les kommentarar (2)Snø
Skriven av Marianne den 338. dagen i året(05.12.11).
Det er snø på bilen i dag for fyrste gong denne sesongen. Det gjev jo eit lite håp om kvit jul.
Legg til eller les kommentarar (5)
Eg er ei jente på 22 år. På denne sida skriv eg og legg ut bilet om og av det som faller meg inn. Eg interesser meg for landbruk og natur, men eg er også glad i datamaskinen min og kameraet mitt. 